Det jeg her tar opp, er svært aktuelt i disse dager i forbindelse med at Tom Kristensens bok " Dypet" tar for seg sider ved oljeeventyret som mange helst vil holde tett om.
Den 23. desember 1977 skjedde det en nærulykke med Cormorant plattformen i Digernes-sundet ved Stord. Fra offisielt hold og fra involverte firmaer, påstås det at denne nærulykken der plattformen holdt på å synke aldri har skjedd. Videre hevdes det at redningsdåden som dykker Tom Engh og dykkeleder Rolf Guttorm Engebretsen utførte da de berget plattformen kun er noe de selv har diktet opp.
I forbindelse med dykkernes rettssak mot staten, har dykkerne provosert dokumentasjonen om nærulykken fremlagt. Dykkerne har også provosert fremlagt aktuelle rapporter fra Politi-inspektør John Wang fra Justisdepartementets Politiavdeling II som var til stede på Stord etter nærulykken. Det er unødvendig å si at svaret har vært en øredøvende taushet i over to år.
Artikkelen i avisa Sunnhordland på Stord fra den 30. desember 1977, sier egentlig det meste om denne nærulykken, og gjengis derfor i sin helhet nedenfor:
”Senkinga av Cormorant A plattforma utsett"
Like før jul vart det oppdaga at 4 av dei 22 stabiliseringsventilane i casen på plattforma ikkje verka som dei skulle. Desse ventilane er hydraulisk styrt, og vart montert i betongdelen medan den låg i Skottland. Monteringa vart gjort av Shell og Sea Tank, som også har bygd betongdelen.Ventilane vart først sett i drift etter at plattformen kom til Stord, og har vore i drift i mange veker, for utprøving og for å sjå at dei fungerer som dei skal. Oppgåva ventilane skal ha, er å kunne stabilisere plattforma slik at ho kan ta store modular på dekk før ho vert slept ut i Nordsjøen. Når Plattforma er komen på plass på feltet har ventilane og systemet dei tenar, gjort si teneste og har ikke interesse lenger.
Det er Stord Verft sin prosjektleiar for Cormorant ”A”, Håkon Belsvik som gjev desse opplysningane til bladet. Han seier vidare at ventilane har fjernindikering til kontrollrommet slik at vakthavande der til ei kvar tid kan lese i kva stilling ventilane har, open, lukka, eller ein stad mellom. Det er viktig her å understreke er at det ikkje er ventilane som er i ustand, men slangar og koplingar som er defekte, seier Belsvik. Vesle julafta vart det vedteke at plattforma måtte opp i stilling for light draugt posisjon for å få vatnet ut og kome til ventilane. Arbeidet med reparasjonane tok til andre juledag, og vil gå på for fullt til arbeidet er ferdig. Alle koblingar og dei slangane med synlege feil vert skifta ut.
- Det er difor på det reine at senkinga av plattforma for koplinga av dekket, som vart sett til å starta 3. januar, med kopling 13. januar, er utsett i alle høve ei veke. Men det er ikkje råd i dag å seia visst kva tid senkinga kan ta til. Arbeidet med å støypa att det fjerde og siste holet i skafta skal ta til like over nyåret etter planen, men det tek ei tid for herding. – Har det som hende med ventilane noko å seie for tryggleiken av plattforma. Det gjekk diverse rykter på bygda? At plattforma heldt på å søkkja, til dømes. – Det har ikkje noko med tryggleiken for plattforma å gjera. Det som kunne vorte resultatet, var at me ikkje hadde fått rett stabilitet på plattforma. Dermed kunne me ikkje teke om bord så store mengder last på dekk som planen var før utslep, dersom feilen ikkje vart retta. Og det hadde vore alvorlig nok, at verftet ikkje hadde fått utføra det arbeidet dei hadde vona, slik stoda er. Når feilen vert retta, vil me likevel kunne gjera det, seier Belsvik, som presiserer at det utstyret det er feil med, vart montert før plattforma kom til Stord.”
Mer info om denne saken kommer.



Marius Reikerås søkbare artikkel arkiv

